Sjømannspresten møtte den tidlegare telegrafisten.
På veg heim frå temakveld i Valen kyrkje sist veke la Arne O. Øystese inn stopp i Uskedalen og møtte Alf Hjønneåg i heimen hans. Uskedalen.no fekk vera med då den tidlegare sjømannspresten Øystese og Alf, sjømann og telegrafist frå 1954 til 1961, fortalde og delte sjømannsminne. Far til Arne, Olav Øystese budde i Ølve og var res.kap i Kvinnherad i perioden 1948 – 1961, også med Uskedalen som tenestestad, før familien flytta og slo seg ned i Etne. Det var Olav Øystese som konfirmerte Alf Hjønnevåg.
Alle i Sjømannskyrkja kjenner Arne o. Øystese, mellom anna frå tida han hadde i Rotterdam og i San Pedro. I pensjonisttida er Øystese såkalla vinterprest på sjømannskyrkja på Gran Canaria. I ledige stunder er han vikarprest på Voss med teneste i tre kyrkjer. Det er prestemangel. Då må vi hjelpa til, seier Arne. Frå tid til anna møter vi også Arne O. Øystese som vikarprest i Kvinnherad, særleg ved gravferder og ved vigsel. Han har ved fleire høve hatt oppdrag i Uskedalen.
Arne O. Øystese bur i Øystese sentrum. Han samlar på rederiflagg, 30 i talet. På den 12 meter høge flaggstonga si har han ei tverrstong, som vert brukt til rederiflagg, to flagg om gongen som vert bytte ut kvar 14. dag. Rederiflagga i Øystese sentrum skaper merksemd og på den måten kjem han i kontakt med mange menneske. I 2017 møtte uskedalen.no sjømannspresten på Gran Canaria og fekk intervju. Tema var: Om å ikkje gå forbi, men ha merksemd og kontakt med alle menneske uanstt livssyn og livssituasjon.
Alf Hjønnevåg, som alle kjenner som medeigar i fiskematprodusenten Hjønnevåg, fekk si telegrafistutdanning i Marinen. Han tenestegjorde i det Sjømilitære korps i perioden 1954 – 57. Så var det langfart i Vestfal Larsen, mellom anna på stykkgodsskipet HINDANGER. Ei eksplosjonsulukke der to av mannskapet omkom, sette spor. Alf sat i radiostasjonen dag og natt og sende meldingar. Skipet vart teke under slep inn til Kap Verde. Dei to omkomne sjøfolka fekk ei våt grav, i kister sveipt i norske flagg. Det var ei sterk oppleving. Alf minnest denne hendinga minutt for minutt, hugsar godt og fortel presist. Etter dette reiste Alf på to Høegh båtar fram til han slutta sjøen og tok teknisk utdanning.
Arne O. Øystese var frå 1992 sokneprest i Sauda. Han tenstegjorde også som prost i Ryfylke.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal