Planstatus for Kvinnherad kommune syner at konkurransegrunnlaget for utbetring av Børnes Tømmerkai er ferdig og at tiltaket vert utlyst i Doffin basen frå veke 7. Bakgrunnen for renoveringa er at den kommunale delen av kaien er i dårleg stand. I samarbeid med Søre Kvinnherad skogeigarlag er det sendt skissesøknad om tilskot tl Landbruksdirektoratet Det er søkt om tilskot på kr 7 860 000,- til forsterkning av og utdjupning av kai. Totalt er tiltaket estimert å koste kr 9 825 000,-.

Fullstendig søknad på tiltaket med framlegg til brukavtale mellom Søre Kvinnherad skogeigarlag og Kvinnherad kommune er no sendt inn ilag med søknaden til Landbruksdirektoratet for endeleg godkjenning. Kvinnherad kommune har fått tilskot som det er søkt om på kr. 7.860.000,-, og Safe Control har utarbeidd ein rapport med framlegg til korleis kaien kan utbetrast.


Asplan Viak er engasjert for å prosjektera løysing for ubetring av den kommunale delen av kaien. Konkurransegrunnlaget er ferdig innan veke 6, og tiltaket vert lyst ut i Doffin i veke 7.

Haugesundsskipet HAGLAND CAPTAIN lastar tømmer på Børneskaien.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal