Tiltak for å hindra overflatevatn i klokakkummane.
Kvinnherad kommune sin VA avdeling utfører vedlikehaldsarbeid på ledningsnettet i Halsabrotet byggefelt. Overflatevatn kjem inn i kloakkummane og blandar seg med kloakken som går til pumpestasjonen i Beinavikjo. Overflate- og dreneringsvatn går til vanleg ut i stranda i Beinavikjo. Nokre kummar er laga slik at dei skal kunna ta og skilja overflatevatn og kloakk. Dette fungerer dårleg dersom det vert for mykje overflatevatn. Nokre kummar vert bytta ut og deler av ledningsnettet vert oppgradert.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal