Uskedal Helselag med høg aktivitet i 2021 - Eli Roseth Eik held fram som leiar.
Eli Roseth Eik held fram som leiar i Uskedal Helselag. Med seg i styret har ho: Jofrid Eik ( nestleiar ), Klara Bakke ( kasserar ), Randi M. Nybakk ( skrivar ), Karin S. Kjerpeseth ( styremedlem ) Varamedlemer: Astrid Haugse og Elin Legland. Revisorar: Haldis Åkra og Kjersti Bråtun. Utsendingar til Friluftslaget: Else Marie Eik og Vivik Rimestad. Turnemnd: Eli Roseth Eik og Astrid Haugse. Ut av styret gjekk: Line Soltveit. Inn kom Karin S. Kjerpeseth. Årsmeldinga fortel om høg og omfattande aktivitet på mange område. –
Aktiviteter i lokallaget i 2021
• Fagdag/helsedag på skulen – Avlyst grunna Covid-19
• Servere frukt ved skulejoggen – Avlyst grunna Covid-19
• Skulefrukost – Elevrådet fekk kr. 1.780,- og ordna sjølv med frukosten
• Basar – Avlyst grunna Covid-19
• Hjartemarsj – Quiz-løype som hang rundt i bygda ein periode
• Demensaksjon vart avvikla som kombinert bøsse- og vippsaksjon
• Middag for eldre/enslige – Gjennomført 7.desember på Vertshuset Perla
• Sponsa førstehjelpskurs for 10.trinn ved Rosendal ungdomsskule i lag med
Seimsfoss/Rosendal/Løfallstrand helselag • Søkte midlar til innkjøp av klassesett med «Mini-Anne» til Uskedal skule og vart tildelt kr. 10.000,- frå TubFrim
• Barnehagane i bygda fekk gåvekort på kr. 500,- kvar til frukt før jul
• Betalt andel av fellesskilt på Gamleskulen
• Kjøpt nye elektrodar til hjertestartar i Hagetunet
• Fått kr 3.000,- i Folkehelseaktivitetsmidlar
• Fått kr 5.000,- i gåve frå ProFo Fonna til Kreftkafè
• Fått kr 767,- i koronatilskudd frå Nasjonalforeningen
• Fått kr 10.589,- i Grasrotandelen
• Fått inn kr 12.825,- i medlemspengar
• 3 gonger på Rosendalstunet med kaker i høve «Syng med oss» – Avlyst grunna Covid-19
• 17 gonger Koronakafè
• Møte på Rosendalstunet om Motstrømsbasseng – 2 deltakarar
• Årsmøte i Friluftslaget – 1 deltakar
• Fylkesårsmøte – Digitalt grunna Covid-19, 1 deltakar
• Inspirasjonssamling – 2 deltakarar
• Pål og Astrid Haugland vart tildelt Folkehelseprisen 2021. Utdelinga var på Sørestølen ved Vassverket, kombinert med opning av nye gapahukar v/Uskedal Musikklag. Servering av marsipankake.
• Våren 2020 var leiaren på Teamsmøte med Statsminister Erna Solberg og fortalde om Koronakafèen
Laget har eiga Facebook-side der informasjon vert lagt ut. Helselaget pakka og sende 50 stk julegåver til Valen sjukehus. Det vart kjøpt 10 stk meir som vart gjevne til personalet ved Rosendals- og Husnestunet.
Uskedelingar ved sjukeheimane i Rosendal og Husnes, samt heimebuande i Uskedalen over 90 år, fekk juleblomar. Det var ingen uskedelingar ved sjukeheimen på Halsnøy og Ølve dette året. Juleblom vart også gjeve til Hagetunet.
Gågruppa som starta i oktober 2010 er framleis i gang på tross av Covid-19.
Styrketreninga for vaksne/eldre som starta opp hausten 2014 er framleis i gang. I 2021 har det vore 16 treningsøkter med eit snitt oppmøte på 7 stk. Caroline Holmedal Saghaug var med ein gong. Ho informerte om Frivilligsentralen mm.
Tur i 2021:
Det vart ikkje avvikla tur grunna Covid-19.
Tekst: Henta frå årsmeldinga og møtereferatet Foto/nett: Thor Inge Døssland/ Kristian Bringedal