Årsmøte, målblom og tema stadnamn i Kvinnherad mållag.
Kvinnherad mållag med fast styremøteplass i Uskedalen har årsmøte og temakveld på Kvinnherad Bibliotek i morgon, tysdag 8. februar kl. 18.00. I tillegg til vanlege årsmøtesaker vert Målblomen 2022 delt ut til ei verksemd eller oganisasjon som brukar målforma nynorsk internt og eksternt mot kundar og brukarar. I fjor gjekk Målblomen til Elins Matgleder. Etter årsmøte vil Johan Feet orientera om arbeidet han gjer med digitalisering av stadnamn i Kvinnherad. Mange av namna i Uskedalen er plasserte på digitale kart. Namna skal også lesast inn på ei lydfil. Bilete syner digitaliserte stadnamn i Uskedalen så langt. Du finn meir om dette arbeidet på nettstaden lokalnamn.no.
Tekst/nett: Kristian Bringedal