Øveplan for Singing Tweens i vårhalvåret.
Singing Tweens er eit songtilbod til born og ungdom frå 1. klasse og oppover. Gruppa øver i kyrkja på utvalde måndagar kl. 17 – 18. Singing Tweens i regi av Uskedalen sundagsskule var arrangør av den store Bjarte Leithaug konserten i haust. Nytt i år er at Rebekka Attramadal vert med som pianist. Dirigent er Svanhill Haugland. Her kjem datoane for vårhalvåret.
- 7. februar
- 23. februar
- 7. mars
- 21. mars
- 4. april: Påskevandring og fest for heile familien.
I tillegg vert det song på Rosendalstunet.
Leiarane er: Trude Skogtun, Nelly og Jon Hatald Kjærland og Svanhill Haugland.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal