Grasrotandelen - kr. 191.000,- til 9 lag i Uskedalen.
Nøyaktig kr. 190.816,- frå Grasrotandelen går til Uskedalen. Det er rekord. Dei 9 registrerte og godkjende laga for tildeling kan vera gode nøgde med overføringa frå Norsk Tipping. Bakgrunnen er ordninga om at du som tippar kan la deler av innskotet gå til lokale lag og organisasjonar. Føresetnaden er at laget er registrert i Frivillingregisteret i Brønnøysund. Uskedal Idrettslag toppar lista. Heile 126 tipparar eller gjevarar har ført Idrettslaget opp på lista for tildeling. Den totale løyvinga til Idrettslaget lyder dermed på kr. 92.051,-.
9 av totalt 165 lag i Kvinnherad har adresse Uskedalen:
- Uskedal Idrettslag
- Uskedal Skulemusikk
- Røysterett for Alle
- Uskedal Ungdomslag
- Uskedal Helselag
- Festidalen
- Uskedal Utvikling
- Uskedal Friluftslag
- Uskedal Musikklag
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal Kjelde: Grenda