Trym Sæle blei kretsmeister og gode resultat av dei andre.

Kretstsmeisterskapet i langrenn for Hordaland blei arrangert på Voss i helga. Det var Ulvik IL som var arrangør, men snøforholda der gjorde at dei måtte flytta det til kunstsnøen på Voss tur og skisenter. Det blei konkurrert i klassisk stil laurdag og fristil på søndag.
Ei lita gruppe kvinnheringar, storparten frå Uskedal IL, representerte kommunen vår på ein glimrande måte. Aller best gjorde 7.klassingen Trym Sæle det då han gjekk heilt til topps i fri og blei kretsmeister (bildet øvst). I tillegg var det fleire andre som kom heim med meisterskapsmedaljar.

Birk Sæle t.h. tok ein flott tredjeplass.

Kretsmeisterskapet for Hordaland held svært høgt nivå. I mange klubbar blir det satsa godt, og det viser igjen på farten i løypa. Ein av deltakarane var Vebjørn Turtveit som høyrer heime i den ypperste norgestoppen. Eldsjel og trenarveteran Pål Haugland var på Voss, og han er svært imponert over prestasjonane til den vesle Kvinnheradsdelegasjonen.

I renna over klassisk stil laurdag var det berre 2 deltakarar herfrå. Begge gjorde det bra. William S. Eik blei nr.4 i G14-klassen medan Linnea Myklebust Ripel kom på 5.plass i J14. Likevel var det søndagen som var den store dagen. Då var det til saman 8 ungdommar frå Kvinnherad som deltok, 7 av dei frå UIL.

William S. Eik(nr.3 f.v.) gjekk to gode løp.
  • Trym Sæle gjekk heilt til topps i G13 og dermed fekk han gullmedalje og kan han smykka seg med tittelen kretsmeister.
  • Tvillingsøstera Frøy Sæle var ikkje stort dårlegare. Ho kom også på sigerspallen då ho blei nr.3 i J13. I same klassen gjekk også Ebba Hermann-Fossli eit godt løp, og ho blei nr.6 i det harde selskapet.
  • Søster Anna Hermann- Fossli gjekk eit svært godt løp i J9, men i dei yngste klassane blir ikkje løparane rangerte. Tida viser likevel at ho var blant dei aller raskaste i klassen.
  • William Samland Eik som tok ein fin 4.plass laurdag, gjorde det endå betre søndag. Då kom han på bronseplass berre 3 sekund frå sølvet.
  • Linnea Myklebust Ripel blei nr.9 i klasse J14.
  • I klasse M18 gjorde truleg Birk Sæle sitt beste løp i konkurranse til no då han kom på ein flott 3.plass og sikra den tredje medaljen til Sælefamilien.
  • Skiskyttaren Isak Solli Søllesvik var åleine om å representera Omvikdalen idrettslag. Det gjorde han på ein flott måte då han sikra seg bronse i J16.
  • I tillegg til ungdommane deltok Magne Heien frå IL Ternen.

Vi gratulerer alle med flott innsats og flott marknadsføring av kommunen vår.
Pål Haugland rosar både løypeforhold og arrangementet elles.

Frøy Sæle (nr.3 f.v.) og Ebba Hermann-Fossli(t.h.) gjorde det godt i J13.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Espen Eik/Tor Vidar Sæle