Regjeringa kjem med framlegg om eiga straumpakke for frivillige lag og organisasjonar, den same modellen som for private hushaldningar. Tilskotet gjeld frå desember 2021 til mars 2022. Det kjem vel med, mellom anna for Uskedal Utvikling som eig og driftar Gamleskulen. Frå desember 2020 til desember 2021 er sluttsummen på straumrekninga fem dobla, frå kr. 1.615,- til kr. 8.413,-. Då må vi ta med at forbruket var 400 kWh høgare no i desember i høve til for eit år sidan.

Remi Onarheim, styreleiar i Uskedal Utvikling, har nøyaktige tal for Gamleskulen. I desember for eit år sidan var forbruket 2583 kWh. Eit totalt fakturabeløp på kr. 1.615,- utgjer eit snitt tal på kr. 0,65,- pr. kWh. I desember i 2021 var forbruket 2962 kWh. Fakturabeløp: kr. 8.413,-. Snittpris pr. kWh er kr. 2,84.,-. Det er viktig å ta med at nettleiga er med i desse tala.

Remi Onarheim fortel at ein prøver, så langt det let seg gjera, å tenkja sparing. I Gamleskulen vert det brukt ei varmepumpe oppe og ei varmepunmpe ned i kjellaren.

Ramma i Regjeringa sin straumpakke er bygd opp om lag på same måte som for private. Lag og organiasjonar får med dette dekka 80 % av kostnadene som overstig 70 øre pr. kWh. Løyvinga vert overført til kommunane. Refusjon og tildeling vert med andre ord gjort lokalt.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto