Ungdomslagshuset Helgheim har vore lite brukt i perioden med pandemi og nedstenging. LIkevel har Uskedal ungdomslag motteke faktura pålydande kr. 12.102,- med betalingsfrist 25. januar. Det gjeld straumkostnader for desember 2021. Nettleiga utgjer kr. 2.022,-. I desember ( straumforbruket for november ) var summen kr. 5.800,- som er ei tredobling frå året før. Kor skal dette enda, spør mange. Frivillige lag og organisasjonar med eigne hus er ikkje ein del av Regjeringa sine støtteordningar. Ekstra ille vert det når det er minimalt med utleige og dermed ikkje inntekter.

Uskedalen.no jobbar med å henta fram tal for Gamleskulen og Bedehuset. Stemneplassen med eit møterom, toalett og garderobar er rekninga på kr. 1.850,- i januar som gjeld for desember ( 2021: kr. 950,- ). I desember ( som gjeld for november ) er tala slik: kr. 1.350,- mot kr. 450,- året før.

Øystein Skåla i Steinparken har engasjert seg både på lokalt og nasjonalt plan. Odføraren i Kvinnherad og Myrvold på Stortinget har lova å fylgja opp denne saka i rikspolitikken.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal