Topp moderne vaskeriutstyr kjem på plass i lokala til Kvinnherad Vekstbedrift.
I denne veka vert det gjort klart for montering av vaskeriutstyr som skal vera i Kvinnherad Vekstbedrift sine nyrenoverte lokale på Brekketoppen. Det tradisjonsrike vaskerifirma Petter Tellefsen frå Bergen har avtalen om levering og service. Dagleg leiar Petter Tellefsen har saman Tor Vidar Sæle teikna og prosjektert og i denne veka er noko av utstyret på plass. Mindre utstyr er alt flytta frå noverande til nye lokale. I dag måtte det leigast inn større kranbil for å løfta og få inn det som vert kalla tunnel finisheringsmaskin på 1,7 tonn, utstyr som med damp, vatn og luft gjer siste finpussen på klede og tekstilar.
Petter Tellefsen fortel til uskedalen.no at firma vert drive i 3. generasjon. Det var far hans som starta verksemda i 1967. No har han med sonen sin Ole Petter. Firma har hatt mange oppdrag i Kvinnherad, både på Valen Vaskeri og i Herøysundet. Han kjenner Kvinnherad godt og har mange kontakter her. Kundane er fordelte over heile landet, men særleg på Vestlandet
Kvinnherad Vakstbedrift vil med denne investeringa få eit moderne og straumlineforma vaskeri. Det neste som er venta inn er heilatomatisk doseringsmaskin for vaskemaskinar, rulla og tre barrieremaskinar.
Petter Tellefsen er godt nøgd med opphaldet i Uskedalen. Han bur på Solheim Turiststasjon, tvers over vegen og har såleis kort arbeidsveg.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal