Skiltet Døsslandssido kom til rettes etter å vore sakna meir enn fem år. Takk til den som fann skiltet og sette det synleg fram ved Djupehølen. Dette er kommunale stadnamnskilt som fortel kva plassen og vegstrekninga heiter. I nokre høve er det skilt som syner vegen fram til eit bustadfelt eller ei grend med meir enn 10 bueiningar. Det same skiltet på andre sida av dalen, Kjærlandssido, er også rive ned og ligg i elvekanten ved Uskedal Bru. Skilteigaren, Kvinnherad kommune, er informert og vil innan kort tid få skilta på plass der dei skal vera. Redaksjonen gjer merksam på at desse skilta ikkje har noko å gjera med det sakna Turlagsskilet ved busslomma i Halsane.

Slik ligg skiltet Kjærlandssido dupt i elvefaret ved Uskedal Bru.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal