Nok snø for ski og akebrett i Pålavegen.
I minste laget med snø, men likevel er det ski- og akeføre i skogsvegen på Haugland. Straks du kjem opp til fyrste svingen, kan du ta på ski. Betre vert det på traseen fram til svingen og skiltet som syner vegen til Mannsvatnet og Klepp. Om du legg turen rett fram mot velteplassen for tømmer og ved ( Vårstøl ) og inn Muslandslia, er det 10 – 15 cm. snø. Eit snøscooterspor ville vore til stor hjelp. I dag går du i traktor- og bilspor. Temperaturen fram til tysdag ligg rundt 0 grader og noko over det. Bruk difor helga, dagane og kveldane i Pålavegen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal