Julagrano er sløkt for i år!
I ettermiddag var den trufaste og dyktige pyntegjengen, Ståle Eik(f.v.), Lars Myklebust og Knut Steinsletten, på plass og sløkte og tok ned lyslenkjene på Julagrano. Det merkast godt sentralt i bygda både av fastbuande og alle forbipasserande. 59 gonger har denne staslege julegrana vore til lysande glede for oss i den mørkaste årstida. Mange har kommentert at Julagrano har vore ekstra fin dei siste åra; – etter at Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad gav gåve slik at det blei mogeleg å investera i nye lyslenkjer. Seinast i dag, då trioen dreiv og tok ned lysa, kom Berit Lappegård, som har fritidsbustad på Neset, og dermed god utsikt til Grano, forbi og kommenterte at ho hadde aldri sett Julagrano vakrare enn i år. Eksempla er mange på at folk set stor pris Grano som gjer at Uskedalen er ekstra flott julepynta!
Pyntetrioen brukte om lag halvannan time på å få “toppstjerna”, dei 7 lyslenkjene og koplingsskapet ned for så å pakka det på lageret klart til neste år.
Då blir Julagrano tent for 60. gong, og eit slikt jubileum fortener vel ei ekstra markering? I alle fall må vi håpa at ingen pandemi får verken setja ein stoppar for Børsdalsnissen eller ein dempar for resten av ei flott markering!
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland