Turskiltet ved busslomma i nedre Halsane og som syner vegen til Mannsvatnet er borte vekk. Det har same form og utsjåand som skiltet på bilete. Steinar Haugland i turgruppa fortel at skiltet ikkje er inne for reperasjon. Det må vera teke bort og kasta. Skiltet er viktig, særleg på denne plassen. Det er mange som brukar denne plassen som utgangspunkt for tur til Halsane, Ådnaklett, Storhaug og vidare innover fjellet. Skiltet er etter nyttårsfeiringa kome på avvegar og truleg kasta ned i ein vegskråning. Difor: Dersom du finn skiltet eller har informasjon, ta kontakt med Steinar Haugland i Uskedal idrettslag.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal