Mange leika og kosa seg på isen i dag.
I overkant av 70 menneske i alle aldrar fann vegen til Fjellandsbøvetnet i dag. Mange hadde med skøyter og nytta høve til å ta sine fyrste skøytetak i år. Isen var ikkje den beste for dei ville ta lange skøytedrag med sine Ving eller Ballangrud lengdeløpskøyter. Ein av dei var Magne Huglen som i sin unge alder var ein habil skøyteløpar. Dei fleste hadde hockeyskøyter. Nokre var der berre for å kosa seg med bålpanne og grilling.
Isen er målt og funnen trygg. I eit av hola målte vi ein tjukkleik på mellom 15 og 20 cm. Grunneigarane er positive og tillet parkering ved gapahuken og langs vatnet. uskedalen.no snakka med fleire familiar og grupper. Det var gjester frå store deler av Kvinnherad. Slik veret har vore no, er det trygg is på Fjellandsbø, Erslandsvatnet og Fjellandsvatnet på Halsnøy. Det er usikkert på Opsongersvatnet, men dei mest lokalkjende finn sine trygge plasser der også.
No er det verskifte på gang, men truleg vert det mange fine skeisedagar på etterjulsvinteren.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal