Ei julegudsteneste i ord og tonar og med mykje song.
Det var på alle måtar ei stemningsfull julegudsteneste i Uskedal kyrkje i dag. Singing Tweens saman med blåsarar frå Uskedal skulemusikk var truleg høgdepunktet. Rebekka Attramadal hadde tonefylgje, Regi og leiing elles: Nelly Kjærland. Liturg var sokneprest Kjetil Kringlebotten. Klokkar: Oddbjørg Heimark. Offergåva i dag på juleafta gjekk til Sjømannsmisjonen – den norske kyrkja i utlandet.
Frammøte var nøyaktig 50 gjester, det ein hadde lov å ta inn i kyrkja. Kjetil Kringlebotten forklarte på ein enkel måte innhaldet og forståinga av juleevangeliet, at Gud kom til jord ved Kristi fødsel og at den største gåva av alle i dag, er Jesus, barnet fødd i fattige kår i ein stall.
Med dette seier soknerådet i Uskedalen: GOD JUL og velkomne til gudstenester, konsertar, salme- og temakveldar i det nye året.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal