Mandag føremiddag ringte det på døra, og då eg opna stod tre blide gutar utanfor. Det var Arunas(f.h.), Ola og Iver frå 5.klasse. Dei stod der med eit flott julekort til meg, for dei var usikre på om dei hadde funne postkassen min. Det blei avklart. Den hadde dei funne, og i den låg eit slikt fint og kjekt julekort til meg.
Dei fortalde at dei sykla rundt og la julehelsingar i postkassane til folk i bygda. For ordens skuld gjer eg merksam på at alle tre gutane heilt forskriftmessig brukte hjelm, men dei tok den av før fotografering.

Dei hadde laga mange julekort, men dei hadde ikkje nok til alle hustandane i bygda. Det syntes dei var litt dumt, for alle hadde jo fortent det. Då kom Iver på ein kjempeidè!
– Kanskje du kan ta eit bilde av det og legge det ut på sida, så har vi sendt det til 2000, kom det plutseleg frå idèrike Iver.
Sjølvsagt kunne uskedalen.no hjelpa med det, for som gutane sa: “Det er ekstra viktig å glede andre i desse koronatider!”

Denne flotte helsinga kjem frå 5.klasse ved Uskedal skule.

På vegne av alle lesarane våre vil vi takka 5.klasseelevane og kontaktlærar Anja Njøten Leite for dette gode tiltaket. Det veit vi mange sette pris på no i førjulstida.

Det er viktig å glede og ta vare på kvarandre!

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland