Juleblom til uskedelingar på sjukeheimane og til alle over 90 år.
Uskedal helselag held på tradisjonen med juleblom til dei frå Uskedalen som bur på sjukeheim og til alle eldre i bygda frå fylte 90 år og eldre. Selma Eik har vore primus motor for juleblomen og det i meir enn 30 år. I år er det pakka og delte ut 22 blomar. Kari Hermansen, 96 år, er strålande nøgd med den årlege juleblomen som vert levert i heimen i god tid før jul.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Dag Hermansen