Den store julestjerna er på plass i utmarka til Frode Stensletten på nedre Feet. Installasjonen er slik det var i fjor. Kurt Haugland og barnebarna Live og Viljar Stensletten har montert stjerna. Kurt fortel til uskedalen.no at dei har brukt batteri på 24 Volt og 7 Amper/Timar. Batteriet må bytast ein gong i veka. Lysa er vanleg LED lyslekkje kjøpt på Clas Ohlson, men tilpassa bruken på 24V. På bilete ( arkivfoto ) ser vi Live og Viljar Stensletten som har vore med og bytta batteri.

Det er vel 70 lysdiodar montert på ei treramme. Dei lyser ikke så veldig sterkt. Dersom ein hadde vald sterkare lysstyrke, hadde det gått utover tida det lyste før ein måtte byta batteri. Stjerna er ca 2,5 meter i diameter.

Dersom du har godt bilete av julestjerna, send til uskedalen.no@gmail.com

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kurt Haugland