Med koronasituasjonen blir alle Uskedal musikklag sine opptredenar med julemusikk innandørs enten avlyst eller flytta utandørs. Heldigvis skaper kjær julemusikk også god julestemning ute.
Lørdag kl.13 vil veteranane i Uskedal musikklag spela eit juleprogram på vel halvtimen ved Spar.
Bandet håpar at dette vil vera til glede for mange, og at dei kjem og høyrer på. På plassen utanfor Spar er det god plass så der kan publikum stå trygt og godt i god koronaavstand.

Det er alltid koseleg å spela ved Spar. Her kosar musikarane seg med varmande kaffi etter spelinga i fjor.

Musikklaget har også planar om fleire opptredenar før jul, m.a. ein i Uskedalen og ein på Rosendalstunet. I og med at dette blir utandørs arrangement, er vi avhengige av bra ver for å få det gjennomført. Dei andre spelingane som var på planen, må dessverre utsetjast.

Vi kjenner også til at Uskedal skulemusikk vil ha ein alternativ julekonsert i Strandstova i Båthamna søndag den 19.desember. Den blir etter same leist som den fine og stemningsfulle konserten dei hadde der i fjor då det var så koseleg pynta. Uskedalen.no kjem tilbake til den.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Åse M. Neset og Thor Inge Døssland