Tor Skeie Olsen(bildet) er godt i gong med sin 12. sesong som dirigent i Uskedal skulemusikk. Berre dirigenten frå oppstarten Sigurd Wang har lengre tid med dirigentpinnen i korpset med 14 år. Ein annan dirigent med lang fartstid er Bård Ljosnes med 6,5 år.
Tor Skeie Olsen er ein svært dyktig dirigent, – sterk musikalsk, god pedagog og har svært fin kontakt med musikarane.
Han er sjølv ein svært dyktig kornettist som kan sjå tilbake på solistprisar både i NM og i Siddis Brass i yngre år. At han framleis er i god speleform, viser det faktum at han i november var solist for Rosendal musikklag på flügelhorn i Siddis Brass i Stavanger.

Dagens heldige vinnarar er:

  • Eigar av kalendar nr. 52 har vunne pipenøkkelsett gjeve av KIS Vest.
  • Eigar av kalendar nr. 436 har vunne heimestrikka sokkar til vaksne.

Vinnarane kan ta turen til Auto 88 AS med kalendarane sine så får dei gevinstane.
Vi gratulerer!!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland