Gåve frå SpareBank 1-stiftinga til Vonheim og Sundagsskulen.
Med den siste tildelinga av gåver frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad er både Haugland og Musland Grendalag ( Vonheim ) og Uskedal Sundagsskule på gåvelista. Vonheim vert tildelt kr. 50.000,- som skal nyttast til innjøp av varmepumper i forsamlingshuset på Haugland. Uskedal Sundagsskule får ei gåve på kr. 15.000,-. Gåva er ei løyving som skal dekka kostnadene med førebuing og gjennomføring av den store Bjarte Leithaug konserten laurdag 6. november i Uskedal kyrkje.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal