Lysmesse og presteinnsetjing, sundag 5. desember kl. 17.00.
I morgon, sundag 5. desember kl. 17.00, er det både lysmesse og presteinnsetjing i Uskedal kyrkje. Konfirmantane er med i gudstenesta og prosten i Sunnhordland, Svein Arne Theodorsen, står for sjølve innsetjinga av Kjetil Kringlebotten i oppgåva som sokneprest i Uskedalen, førebels i vikariat. Gudstenesta er open for alle og det er ikkje iverksett smitteverntiltak på dette stadiet. Det vert likevel ikkje kyrkjekaffi. Det er montert energisparande flaumljos på kyrkja, leddljos for ta å ned straumforbruket.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Øystein Enæs/ Kristian Bringedal