I dag var det faste pyntegjengen i aktivitet før både vind og regn kom. Då fekk dei på plass både “stjerna” i toppen og lyslekkjene. Den rutinerte gjengen gjorde arbeidet kjapt og effektivt, og arbeidsfordelinga var som vanleg. Ståle Eik som går mot 78 år var i toppen saman med 5 år yngre Knut Steinsletten medan Lars Myklebust hadde full kontroll som bakkemannskap. Det skulle vore artig å ha visst kor lenge desse karane har stått for pyntinga av Grano som har lyst kvart år sidan 1963. Det blir såleis 59. jula den lyser opp til glede for oss i førjuls- og juletida.

Fredag kl.17 er det klart for tenning!

Tenninga føregår som planlagt fredag 26.november klokka 17. På grunn av koronaen blir det amputert program. Grautsalget som ungdomslaget skulle ha hatt i Helgheimskjellaren, er avlyst. Det same er tilfelle med kafèen som russen så velvillig hadde tatt på seg å ha oppe i Helgheim. Børsdalsnissen kjem nok også til å halda seg heime.

Men tenning blir det!! Musikklaget tar seg av det, og dei stiller opp og spelar julemusikk slik dei har gjort 58 år før. Dei håpar også at det kjem ein god del tilhøyrarar, for ute er det ingen problem å halda avstand. Eg er ganske sikker på at dei som kjem, vil få påfyll av ein god dose julestemning.

Julagrano har fått sin limerick. Den er laga av limerick-meisteren Olaf Agnar Gausvik, og vi tar med den her:

Om du spør, skal eg sei kor eg fann det
mest glitrande treet i landet.
Det står stolt i det fri
i heimbygda mi,
og er pynta av nokon som kan det.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto