Sist laurdag var 40 jenter og like mange gutar i 12-årsklassen samla til sonetrening på Kvednabekkjen kunstgrasbane på Husnes. Dei unge fotballspelarane kom frå ulike lag i Sunnhordland, og tre av dei var frå Uskedalen. Det var den tredje og siste samlinga før det blir teke ut eit sonelag for jenter og eitt for gutar. Første samlinga var på Stord forrige helg, og så var det ei trening i Rosendal i veka. Uskedalen.no tok ein prat med dei tre Uskedalsungdommane som har vore med på samlingane: Håvard Myklebust, Yahya Mahmoud Mohammad og Ebba Hermann-Fossli. Alle spelar for Rosendal.

Yahya kunne fortelja at han er ein veldig ivrig fotballspelar, og han har drive med fotball om lag 4-5 år.
– Eg spelar fotball så ofte som eg kan. I tillegg til dei vanlege treningane med laget, er eg på kunstgrasbanen mest kvar einaste dag, fortel han så ivrig at han mest boblar over. Det er tydeleg at fotball er hovudinteressa til guten, og dermed er han kjempeheldig som bur så nærme kunstgrasbanen.
– Eg spelar nesten over alt på banen, men favorittposisjonen min er venstre midtbane, legg han til.

Håvard har spela på lag sidan han var 6 år. Han er og ein spelar som kan spela i fleire posisjonar, får eg vita når eg spør.
– Rundt midtbanen eller høgre ving eller venstre ving. Eg likar meg framme på banen, men eg må jo jobba heim igjen og, forklarer han. Han fortel at han trenar litt utanom dei faste fotballtreningane.
– Eg tar meg av og til ein tur ned på kunsten og øver på finter og sånt.
Når eg spør etter om han har nokre favorittspelarar kjem stjernene på løpande band:
– Ronaldo, Neymar og Messi.
Eg må jo spørja om han ikkje nokon norske på favorittspelarlista si:
– Haaland!
Når eg spør etter norsk favorittlag er han og klar:
– Viking, kjem det kjapt. Då har vi ein liten god prat om kor god Harald Nilsen Tangen er, og at han har mykje slekt i Uskedalen. Læraren deira er jo til og med tanta hans, kunne intervjuaren fortelja. Vi må og ta med at PSG, den franske klubben til Neymar, også er ein av favorittklubbane til Håvard.

Dei tre har ein liten oppvisning med ballen for fotografen. F.v.: Ebba, Håvard og Yahya

Yahya smett innom med at han har ikkje nokon norsk favorittklubb, men han er fan av fotballen i England og nemner Liverpool. Det er til saman 5 uskedelingar som spelar på same Rosendalslag som Håvard og Yahya. Dei fleste treningane er i Rosendal, men av og til trenar dei på Heio.

Ebba var einaste jenta frå Uskedalen på det laget som ho spela på i serien, men no er Emmie og Vilde i 6.klasse begynt. Ebba fortel at ho starta framme på banen, men etter kvart som ho blei eldre bevega ho seg bakover fordi ho følte ho var betre der. Etter ei tid som back, har ho funne plassen sin som keeper, og det synes ho er gøy.

Når eg kjem inn på andre fritidsaktivitetar, kjem Ebba med ei lang rekkje:
– Eg er jo på den allsidige sida. Det eg går på i tillegg til fotball er friidrett, intervalløping med skigruppa, teater i kulturskulen, korps, speling i kulturskulen og så likar eg å driva med skating og skriving og lesing.
Håvard fortel at han ikkje går på andre ting fast no.
– Men før gjekk eg på sånne skigreier, og så var eg med på springing på friidrettstreninga på Heio, men eg var ikkje med i konkurransar. Og så likar eg å sykla.
I tillegg veit eg at han er ein særs lovande og ivrig laksefiskar.

Yahya meiner at fotball er den altoppslukande fritidsaktiviteten hans, men Ebba minnar han på at han er ute og joggar.
– Eg har jo sett at du er ute og joggar.

Ebba, Håvard og Yahya ventar no spent på om dei kjem vidare til sonelaget.

Eg spør dei tre om dei likar å gå turar i skog og fjell. Det syns alle er kjekt. Og så er det jo god og allsidig trening der heile kroppen blir brukt. Det får dei nytte av også i fotballen.
– Vår familie er jo ein sånn tur-familie, seier Ebba, og Håvard følgjer opp:
– Vi går tur sånn cirka kvar søndag, ein familietur på ein måte. Ofte til Ådnaklett. Vi har hytta der, og då kan vi eta pølsa og kosa oss.
Yahya likar også godt å gå i fjellet, men han gjer det ikkje så ofte. Eg får inntrykk av at alle tre set pris på fjellturane dei får med skulen om torsdagane. Vi er og einige om at turane og allsidig trening er viktig å ta med seg på vegen mot å bli gode fotballspelarar.

Etter siste sonesamlinga skal det takast ut sonelag både for jentene og gutane.
– Sonelaget her frå Sunnhordland skal trena og spela kampar mot dei andre sonelaga, sånn som Bergen og sånn, gjennom vinteren. Etter det skal dei beste takast ut på kretslaget, forklarar dei tre.

Spennande; – om nokon kjem gjennom det trange nålauga! Tre kjekke ungdommar er det i alle fall!!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland