I år er det 50 år sidan Lions blei etablert i Kvinnherad, og som ein del av markeringa har dei invitert ungdommar til å delta i den store fredsplakatkonkurransen som Lions Club International arrangerer i samarbeid med FN. Fredag kåra ein jury vinnaren i Kvinnherad som no går vidare til ein distriktskonkurranse. Juryen utpeika 7.klassingen Kaylah Bermillo Stensletten som ein klar vinnar. Som de kan lesa lengre nede i saka, gjekk det ikkje heilt smertefritt då gladmeldinga skulle formidlast til vinnaren.

Juryen, Håvard Sætrevik og Bente Rusten, viser fram den kreative, flotte og detaljrike vinnarteikningen(Foto: Elisabeth Berg Hass/Kvinnheringen)

Uskedalen.no var mandag innom 7.klasse ved Uskedalen skule der dei fleste elevane hadde levert inn teikningar til konkurransen. Samtlege var heilt einige om at juryen hadde kåra den heilt rette vinnaren og gledde seg med vinnaren. Dei var ekstra glade fordi Kaylah fleire gonger hadde sagt at ho ville gi opp sidan det var så mykje jobb med teikninga.
– Heldigvis høyrde ho på oss då vi oppmuntra henne, sa Martine ei av dei andre jentene i klassen.

Under intervjuet med uskedalen.no hadde ho med seg si gode venninne Ebba Hermann- Fossli, og i løpet av samtalen viste det seg at det var svært gode grunnar for det.
Intervjuaren begynte på standard vis og ville vita om Kaylah alltid hadde vore så glad i å teikna.
-Før var eg vel ikkje så veldig interessert i det, og eg teikna litt for gøy, men sidan koronatida har eg blitt endå meir engasjert i det, og eg har brukt litt meir tid på teikning og maling og sånt, fortel Kaylah.
– Litt meir??!! avbryt venninna Ebba og ansiktsuttryk og tonefall viser tydeleg kva ho meiner.

Kaylah brukar mykje tid på hobbyen sin.

Eg meinte å vita at ho gjekk og lærte teikning i kulturskulen så eg pensa samtalen over på det.
– Eg gjorde det, men det blei ikkje meir kulturskule fordi at læraren slutta, men det går heilt fint å læra meg sjølv heime, fortel ho, og dermed får eg greie på kvifor det berre blei nokre få veker i kulturskulen.
– Ho lærer veldig mykje på nettet, og så får ho mykje inspirasjon frå bøker, supplerer Ebba.
Ja, eg har mange bøker som eg hentar inspirasjon frå, stadfester teiknetalentet. Ho seier at det einaste ho har vore med på av konkurransar før, var at ho sende inn til ein slik påskekonkurranse i avisa.
– Eg veit ikkje om eg vann, men teikningen min kom i alle fall i avisa.
– Jo, den vann du, avbraut Ebba ivrig og sikker.

Eg lurer på om all tid går i teikning og maling no, eller om ho har andre hobbyar.
– Før så var eg mykje meir aktiv og var med på forskjellige ting. Då hadde eg jo svømming, fiolin, fotball og sånne ting og ski. No held eg på med piano, men eg har ikkje lærar, sånn som Yuko, men eg prøver å læra ved hjelp av youtube.
– Ja, og eg prøver å lære henne notar, supplerer Ebba som er ein dyktig og etter kvart rutinert kornettist.
– Og så speler eg litt gitar. Eg har lyst å læra gitar. Ja, og så skateboard. Eg syns skateboard er veldig gøy, seier ho, og eg får inntrykk av at eg sit med to allsidige jenter som er fulle av lyst og talent.

Eg rettar tankane mot framtida og spør Kaylah om ho har nokre planar. Eg har teiknetalentet i tankane, men den reflekterte jenta svarar:
– Eg vil ta meg ei god utdanning og komma så langt eg kan på skule, og så har eg lyst på ein godt betalt jobb.
– Ja har du tenkt å ha teikninga som hobby, då? prøver eg vidare, og då får eg eit skikkeleg spennande svar frå dei to venninneene.
– Vi har lyst til å skrive bøker, barnebøker. Eg liker veldig godt å skrive, ho liker jo veldig godt å teikne, fortel Ebba og Kaylah legg til:
– Det blir jo sånn på si. Eg veit no ikkje heilt kva eg skal jobba med sånn for å leva.
Intervjuaren tenkjer med ein gong: KJEMPEIDÈ!! Hadde eg jobba i forlagsbransjen, hadde eg teke kontakt omgåande med dei to reflekterte talenta som blir 13 med to dagars mellomrom i starten av mars.

Eg håpar at dei to snart presenterer noko saman for publikum.

Kaylah har mange teikningar å visa fram, og ho og venninna Ebba håpar at dei kan gi ut ei barnebok saman.

Dei to har gøymt “ei rosin i pølsa” til slutt i intervjuet. Fredag hadde dei to venninnene fri frå skulen, og dei hadde vore saman heile dagen. Dei var mellom anna på kino på Husnes. I løpet av filmen hadde Kaylah fått mange tapte anrop frå eit ukjent nummer på mobilen.
Ho var sikker på at det var telefonseljar sidan ho hadde fått ein del slike i det siste. Derfor bad ho venninna hjelpa henne sidan ho meinte ho var så flink med slikt.
Ebba tok saka, ringte nummeret og presenterte seg på følgjande måte: “Hello, its from computer service department.” og så svarar det: “Hei, du har vunne!”
“Då la vi selfølgelig på. Vi trudde jo det var ein slik som sa at vi hadde vunne 10.000 kroner og skulle ha koden til bankkortet for å sette inn pengane. Då må vi jo vera forsiktige!”. Dei to jentene boblar over når dei fotel dette, for lørdagen blei det klart kva telefonen galt.

Ein frå Lions kom heim til Kaylah med den kjekke beskjeden. Kaylah hadde vunne teiknekonkurransen. Juryen som bestod av kunst- og handverkslærar Bente Rusten og Grenda-redaktør Håvard Sætrevik hadde jobba svært grundig, og dei var ikkje i tvil, men storveis imponert. Vi klipper frå Kvinnheringen:

Denne teikninga er svært godt utført, med løva som symboliserer Lions, samt mykje anna sterk symbolikk. Den er teknisk god, meinte jurymedlem Bente Rusten.
Ho og Sætrevik sa dei hadde brukt litt tid på å studera dei mange flotte teikningane, men at denne likevel skilde seg ut.
– Det er så mange flotte detaljar her. Vi oppdaga til og med at løva har fredsteikn i auga, smilte dei.

No skal teikninga og Kaylah representera Kvinnherad i distriktskonkurransen. Vinnaren der går til landskonkurransen, og vinnaren i kvart land går til den internasjonale finalen.

Alle kvinnheringar kan vera stolte av den flotte teikninga som no er sendt ut på konkurransereis!! Heia Kaylah!!

Det blir spennande å følgja Kaylah framover.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland
Foto av juryen med bildet: Elisabeth Berg Hass/Kvinnheringen