Invitasjon til medverknadsmøte om Uskedalen klatre- og aktivitetshus. Torsdag 25. nov. kl. 19.
Prosjektgruppa for Klatre- og aktiviteteshus i Uskedalen inviterer til medverknadsmøte, torsdag 25. november kl. 19.00. Vi ønskjer innspel frå ulike lag, organisasjonar, ungdomsgrupper og andre slik at vi kan få planlagt innhaldet i bygget. Vi har eit bestemt areal som skal innreiast i samarbeid med dykk, og vi ønskjer at de gjer dykk opp nokre tankar om dykkar behov før de kjem til møtet. Stikkord her kan vera:
Program
1. Generell info og status prosjektet.
2. Presentasjon av planlagt bygning v/arkitekt.
3. Gruppearbeid.
4. Oppsummering og samanfatning av forslag.
5. Avslutning og vegen vidare
- Behov for areal?
- Behov for øvingstider?
- Medlemsmasse, alder?
- Sambruk med andre?
- Budsjett for rom (kva innreiing ser de for dykk?)
- Drift av huset, kan de bidra?
- Eventuell dugnad, innreiing?
Vi håpar de kan ta dykk tid til å vera med oss i denne prosessen. Vi har eit sterkt ynskje om at så mange lag, organisasjonar og andre grupper er med oss for å gjera innhaldet i bygget best mogleg for alle.
Tekst/foto: Prosjektgruppa Nett: Kristian Bringedal