Planar om ny landbruksveg på Døsslandsido.
Der føreligg no søknad om ny landbruksveg som går i skogområde frå eigedomen til Trond Olsen på Døssland, gjennom lia på Feet og så endar den opp i nærleiken av Flåtene. Det er åtte grunneigarar som står bak søknaden. Vegen får ei lengde på 2,8 km, og den er kostnadsrekna til 4,7 mill. kr. Vegen vil utløysa eit område med 1480 dekar produktiv skog, og det er rekna med 22.000 kubikk med hogstmogen skog. Totalt dekningsområde er 1760 da. Planleggjar av skogsvegprosjektet er FanAgro AS.
Over ser vi deler av den planlagde vegen teikna i rødt på kartet. For heile lengda sjå under.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland Kartutsnitt: Skjermdump frå Kommunen si postliste.