Dåpsbarnet fekk namnet Mikal - tantene i Svalbardbunad.
Den fyrste dåpen utan koronarestriksjon var sist sundag. Dåpsbarnet fekk namnet Mikal og i dåpsfylgje finn vi to tanter, som også var fadrar, i Svalbardbunad. Forklaringa er at familien Annbjørg Kleven/ Sigbjørn Rød budde sju år på Svalbard og at borna Anja og Marita gjekk deler av skule- og barehagetida si i Longeyarbyen. Sigbjørn hadde arbeidet sitt i Store Norske Kullcompani. Systrene valde begge Svalbardbunad. Andenes Husflid har eineretten på utforming og produksjon. Bilete syner dåpsfylgje saman med presten Karsten Mrusek.
Anja Kleven Rød byrja på skulen i Uskedalen. 2. og 3. klasse gjekk ho på Svalbard. Marita Kleven Rød flytta sørover då ho var tre år. Fram til dess hadde ho gått i barnehagen i Longeyarbyen. Bunaden i blått stoff med blomemotiv. Sylja har motiv med isbjørn og midnattsol.
Mor og far til dåpsbarnet har namna Enny Helen Bendiksen og Stian Kleven Rød. Familien bur på Rød.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal