Influensavaksinasjonen er godt i gong.
Hausten er førebuingstid til vinteren, og for mange betyr det at dei kvar haust vaksinerer seg for å vera best mogeleg rusta til å stå mot den årlege influensasesongen. I år er det sett opp faste vaksinasjonsdagar i Rosendal samfunnshus og Kulturhuset Husnes. I går var første vaksinasjonsdag i Rosendal medan dei starta opp på Husnes i dag. Underteikna tok vaksina på Husnes i dag, og det var svært godt organisert slikt at det gjekk kjapt unna sjølv om det var god tilstrøyminga av folk. For underteikna var det også eit lite jubileum sidan han tok influensavaksine for 30. gang. Erfaringane har vore svært gode.
I foajèen utanfor Festsalen blei vi tatt i mot av Line S. Holmedal, Irene H. Haavik og Elin J. Eskeland(bildet over) som registrerte oss og tok mot betaling frå dei som skulle betala for vaksinen. For dei fleste var influensavaksinen gratis. Vi fekk også tilbod om vaksine mot lungebetennelse, men det trong ikkje underteikna då han hadde fått den så seint som 2018, og den har lengre verknadstid. På bildet ser de også pensjonist Maria Øvstebø Berge som var tilleggsmannskap.
Etter registreinga bar det inn til tilvist plass i festsalen der vi sat på rekkje og rad med skillevegg mellom. Ikkje før hadde eg sett meg på stolen før Magny Prestnes Bratsberg var klar til å sette sprøyta. Så var det den obligatoriske 20 minutts ventetida før vi kunne gå. Kjapt og flott levert, og eg håpar at eg kan gå influensasesongen i møte like trygt som dei 29 føregåande åra.
Vaksinetidene i Rosendal samfunnshus og Kulturhuset Husnes er slik:
Rosendal samfunnshus:
- 26.10. kl.08.30 – 11.30 og 13 – 15 for dei med etternamn på A – L
- 02.11. kl.08.30 – 11.30 og 13 – 15 for dei med etternamn på M – Å.
- 09.11. kl.08.30 – 11.30 og 13 – 15 oppsamling for alle.
Kulturhuset Husnes:
- 27.10. kl.08.30 – 11.30 og 13 – 15 for dei med etternamn på A – L
- 03.11. kl.08.30 – 11.30 og 13 – 15 for dei med etternamn på M – Å.
- 11.11. kl.08.30 – 11.30 og 13 – 15 oppsamling for alle.
Det er også mogeleg å ta vaksine hos fastlegen. Vaksinering i regi av fastlege er gratis for dei i risikogruppa med frikort. Risikogrupper utan frikort, må betale ein eigenandel på 50 kr. For dei som ikkje høyrer til risikogrupper, er pris for influensavaksinasjon kr 250. på vaksinasjonsdagane. Fastlege har eigne prisar.
De finn god og fyldig informasjom om både influensavaksine og vaksine mot lungebetennelse på kommunen si heimeside HER.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.