Ny sokneprest tek til i stillinga i november.
Kjetil Kringlebotten er tilsett i vikariat som sokneprest i Uskedalen. Som vikar får han i tillegg teneste ved ulike kyrkjer i kommunen. Han tek til i stilinga i november og vert med på gudstenesta Alle helgensdag, sundag 7. november. Kringebotten har dei siste årea teke doktorgraden i systematisk liturgi ved universitetet i Durham i England. Før det var han sokneprest i Rosendal. Bilete syner sokneråsleiar Eli Roseth Eik og den nye soknepresten i Uskedalen, Kjetil Kringlebotten.
Kjetil Kringlebotten kjem frå Dale. Han har studert teologi ved Norsk Lærarakademi (NLA ) og praktisk teologi ved Misjonshøgskulen i Stavanger. No har han i tillegg doktorgrad. KJetil er gift med Carole Farish. Dei har funne seg bustad på Ænes. Soknerådet i Uskedalen fekk møta Kringlebotten på prostimøte på Stord i går, her saman med prestane og tilsette ved kyrkjekontoret i Kvinnherad.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal