Haustdag i Uskedalen 16. oktober - marknad, natursti, kafe og fest på Perla på kvelden.
Den siste laurdagen i haustferieveka, laurdag 16. oktober, vert det Haustdag med salsboder, kafe, natursti, nybilsal, bruktmarked og konkurransar. På kvelden vert det haustfest på Perla med kåseri og song/musikk ved Rustne Menn. På menyen står hjortegryte. Gode tilbod på ei rekkje varer vil du finna på SPAR og hos Gros Blomster.
Det er dagleg leiar på SPAR, Gunn Mari Moberg og den driftige Elin Enes på Perla som tek initiativet til det som må reknast som ei nyskaping i Uskedalen. Plassen er i sentrum ved Gamleskulen, SPAR og på uteområde ved Sandakaien og Vertshuset Perla. Nøyaktig program kjem seinare, men så langt kan dette kunngjerast:
- Bruktmarked i Gamleskulen v/ Liv Astrid Ekornrød
- Kafe på Vertshuset Perla på dagtid
- Salsboder utanfor og inne i gangen på Perla – sal av lokale produkt
- Rødsten Bil stiller ut og sel bilar
- Natursti
- Konkurransar
- Ekstra hausttilbod hos SPAR og Gros Blomster
- Kveld: Haustfest på Perla med Rustne Menn, hjortegryte og kåseri
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Elins Matgleder/ Kristian Bringedal/ Rolf Lothe