Gjenopning og tilbake til normalen.
Regjeringa si kunngjering om gjenopning og tilbake til normalen har prega helga på mange måtar. Det er slutt på meterregelen og føring av frammøteliste. Handhygiene kan vera lurt å halda på. Mange Huglen var kjapt på banen og inviterte til pubkveld i Dønhaugkjedlaren. Om lag 20 gjester fann vegen til Dønhaug og fekk oppleva ein koseleg kveld og ein lun og fin atmosfære. Møte på Bedehuset og gudsteneste i kyrkja var også prega av at restriksjonane er oppheva. Bilete syner Magne Huglen og Ronya Lakselv, to nøgde personar etter gjenopninga. Les kva det vil få å sei for kulturlivet og aktivitetane i tida framover:
- Kor- og musikkøvingane går slik det var før nedstenginga mars 2020. Røystertett for Alle, som har øvd i grupper, kan no gå tilbake til felles øving.
- Koronakafeen i regi av Helselaget held fram inntil ein får avklart overgangen til Kafe Tiaren.
- All merking og skilting i kyrkja er tekne bort og ein er tilbake til situasjonen slik det for 1,5 år sidan. Det neste på programmet er Salmekveld tysdag 19. oktober.
- Pubkvelden på Vertshuset Perla med Tore med bassen kan ta inn langt fleire gjester enn tidlegare planlagd.
- Nokre spør om det vert Haustfest. Ungdomslaget melder frå om at det ikkje vert fest i haust, men det kan vera aktuelt til våren.
- Alle treningar innadørs går slik det var før pandemien.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal