Laurdag blei Sunnhordland Maraton arrangert i Leirvik sentrum. Kari Bråtun frå Korsnes tok turen over fjorden, og slo til og gjekk heilt til topps i kvinneklassen i halvmaraton. 25 år gamle Kari gjennomførte løypa på vel 21 km på 1:36:25. Kari Bråtun er til dagleg lærar ved Malmanger skule, og ho har opp gjennom åra vore ein aktiv og allsidig idrettsutøvar. Ho kan sjå tilbake på gode prestasjonar i skiløypa og på fotballbanen i tillegg til lengre løp. Ho har også vore aktiv både i gruppestyre og som trenar i UIL. For tida er ho trenar for skiløparane. På bildet over ser vi henne øvst på sigerspallen etter laurdagens flotte løp.

Etter løpet fortalde Kari Bråtun til Grenda at det gjekk over all forventning. – Eg hadde ein plan om å springa jamnt, og reiste eigentleg ikkje til Stord for å vinne. Det var fyrst då eg kom mot mål eg forstod at eg låg godt an, oppsummerer ho til Grenda.

Ho seier at ho var ganske tung i beina etter 17 km, men visste ho at ho ikkje hadde langt igjen.
– Samstundes var eg på veg ned til Borggata, og fekk med det eit ekstra gir, sa ho til Grenda-journalisten.
Til uskedalen.no seier Kari at ho prøvde å springa med jamn fart slik at ho brukte 4-5 minutt på kvar kilometer. Sluttida viser at det klarte ho fint. Gjennom løpet var farten hennar i overkant av 13 km i timen.

Det var andre gong Kari Bråtun sprang halvmaraton i konnkurranse. Ho deltok i Bergen City Maraton for to år sidan.

Vi gratulerer Kari med ein ny flott idrettsprestasjon!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Svein Ove Bråtun