Konfirmantpresentasjonen er open for alle - sundag kl. 17.00 i Uskedal kyrkje.
Det som var kunngjord som ei lukka presentasjonsgudsteneste for konfirmantar, foreldre og føresette er no endra til: Open gudsteneste for alle. Bakgrunnen er Regjeringa sitt vedtak i går om opning av samfunnet frå i dag, laurdag 25. september, kl. 16.00. Dermed er det slutt på meterregelen og føring av frammøteliste.
Det er innmeld 14 konfirmantar 2021/2022. Konfirmantane vert presenterte på gudsteneste i morgon kl. 17.00. Sokneprest Carsten Mrusek er liturg. Kantor Eva Megyesi er organist. Det er høve til å gje ei gåve til konfirmantarbeidet i Uskedal sokn.
Det er kyrkjekaffi etter gudstenesta.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal