Pubkveld med country og blues på Vertshuset Perla neste laurdag.
Endeleg, vil mange sei. Dette har vi sakna. No vert det pubkveld på Vertshuset Perla neste laurdag, 2. oktober. Det vert country- og bluesmusikk med Tore Nordahl-Pedersen. Dørene opnar kl. 18.00. Musikk frå kl. 20.30. Tore er kjend på Os som Pederen med bassen. Etter flytting til Uskedalen kallar han seg like mykje for Tore med bassen. Han syng, spelar bass og legg på bakgrunnsmusikk som komp.
Tore med bassen spelar tre sett. Det er country- og blueslåtar av kjende artistar som til dømes J. J. Cale, Eric Clapton, Fleetwood Mac, Johnny Cash, Santana, Bruce Springsteen og Gary More.
Tore med bassen spelar på døra. Inngangsprisen er kr. 100,- som vert betalt med VIPPS til 979 86 500, og då er du sikra plass.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Jonny Pedersen