Kvinnherad har eit valstyre som organiserer valet. Kvar valkrins har valfunksjonærar som ser til at det lokale valet vert gjennomført etter gjeldande føresegner. Åse Myklebust Neset og Bjørn Olav Tveit er representantar frå det som var Uskedal Valkrins. Med to dagars val må begge møta som vakter kvar dag i opningstida. I kveld stengjer vallokalet kl. 19.00. Oppteljinga vert gjort samla i Rosendal.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arve Lunestad