Det var reine folkevandringa i dag for å vera med då Dugnadsgruppa sette sluttstrek for arbeidet med gapahuken på Klepp og på Flåtene i Eikedalen. Eit 40 tals turgåarar streva seg opp lia eller fann vegen fram på andre stiar. Ikkje nok med det. Opninga vart ei gild kulturell og sosial stund med nyskriven tekst av Svein Rimestad på melodien til Part of the Union. Ein tombone duo med Knut Steinsletten og Lars Myklebust overraska alle med sine innslag. Bilete syner Dugnadsgruppa med dei som hadde høve til å vera med. Fem medlemer var bortreiste.

Lars Myklebust og Knut Steinsletten overraska alle med trombonesolo.

Alt var nøye planlagd og gjennomført på Klepp i ettermiddag. Eit aggregat skaffa straum til vaffelsteikinga. Den beste kokken i gruppa, Jostein Grov, sytte for at alle fekk velsmakande vafler med rørte blåbær- og tytebærsyltetø på. Bæra vart plukka i område rundt eit liten halvtime før markeringa tok til. Betre kunne det ikkje bli.

Steinar Kroka er klar for prøvesmaking av fjellets beste vafler, laga av Jostein Grov.

Den nyskrivne teksten med snert fortel på ein artig måte kva Gruppo har utført til no. Det er ikkje lite på den korte tida gruppa har vore aktiv. Berre sjå her:

  • Murarbeid og rydding på Kunstgrasbanen
  • Skilting og rydding av sti
  • Arbeid på Heio med mellom anna renovering av garderobehuset
  • Arbeid på Stemneplassen ute og inne
  • Vedbu på hytta Fjelly
  • Gapahuken på Klepp og på Flåtene

Dugnadsgruppa har laga seg plan for hausten. Nye prosjekt ventar til glede og nytte for alle som bur og ferierer i denne bygda. På Klepp finn vi tre synlege stølstufter. Det vart difor snakka om på heimveg om dagens storhending kunne vera starten på ei årleg stølsvandring. Det er mange stølstufter i fjella rundt Uskedalen.

Bilete syner om lag halvparten av alle som hadde funne vegen til Klepp i dag.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal