Alt er klart for opninga på Klepp i dag, torsdag, kl. 17.00.
Dugnadsgruppa var på Klepp i går ( sjå bilete ) og klargjorde for opninga av gapahuken i dag, torsdag 9. september, kl. 17.00. I det fine veret er det venta mykje folk. Det er difor viktig at alle er ute i god tid og at ein rettar seg etter desse punkta:
- Skogsvegen på Haugland kan brukast på vanleg måte mot betaling på VIPPS: 410 42 659.
- Dei som har bil med tohjulsdrift, parkerer ved 2. svingen ( Vårstøl ).
- Dei som har bil med firhjulsdrift, parkerer ved 5. svingen ( Indianarsvingen ).
- Parker langs vegen etter kvarandre.
- Fyll opp bilane.
- Ingen køyrer på ned før arrangementet er ferdig.
- Ta med drikke/kaffi – det vert servert vafler, truleg med blåbær og sukker.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Audun Eik