Dersom du har interesse for lokalhistorisk arbeid, er du velkomen til Stemneplassen i kveld kl. 18.00. Då samlast Arkiv- og lokalhistorisk gruppe til fyrste møte i haustsesongen. Målet er å ha fokus på arkiv- og kulturhistorisk materiale i og frå Uskedalen. Gruppa vil registrera og systimatisera skriftleg tilfang og minnestoff som har allmenn interesse. Formidling er ein viktig del av arbeidet. Medlemene i gruppa vel sjølv om ein vil jobba i gruppe eller individuelt, eller om ein berre vil vera informant og dela kunnskap. Bilete syner nokre av medlemene i gruppa.

Arbeidet så langt handlar om:

  • Oversikt over lag og organisasjonar i Uskedalen – særleg sikra arkivmaterieale frå nedlagde lag.
  • Uskedal Idrettslag og Uskedalsdagane.
  • Utvandring
  • Livsminne frå dagleglivet – små og store hendingar.
  • Krigsminne
  • Samla og få registrert alle lokalproduserte tekstar.
  • Farty frå Uskedalen – registrerte i merkeregisteret og andre register/ assuranseprotokollar.
  • Foto – konfirmantar og skuleklassar

Så vert det jobba med å finna eit system for registrering fysisk og digitalt. I kveld er læringsøkta føring av tilvoksterprotokoll.

Vel møtt til samling i kveld kl. 18 – 20.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal