Vi i Uskedalen idrettslag har i lengre tid slite med lave medlemstal, då særleg lavt antal betalte medlemer. Vi ser også at vi har mange aktive «medlemer» som deltar på eller nyttar seg av dei ulike tilboda til idrettslaget, men som ikkje har betalt medlemsavgift. Dette tykkjer vi er synd, og vi ynskjer å gjera noko med dette nå. Så nå vil vi starta ein kampanje for å få fleire til å anten å betala allerede registrert medlemskap eller det å bli medlem i idrettslaget. Derfor vil vi dela ut fem gåvekort frå Sport 1 Husnes på kr. 1.000.-. Alle betalande medlemer innan 1. oktober 2021 er med i trekninga. Dei som allerede har betalt, er sjølvsagt også med i trekninga.

Turgruppa i Idrettslaget har ansvaret for merking av stiane til fjells.

Uskedalen Idrettslag har eit rikhaldige tilbud; alt i fra turn, treningsgrupper for vaksne, fotball, friidrett, langrenn, turstiar, fjelltrimmen, klatregruppe. I tillegg har vi eit flott anlegga på Heio, Aktivitetshuset og vi har eit flott anlegg ved skulen med kunstgrasbane, klatrepark og skatepark.

Per i dag har bare 109 av 244 medlemmer betalt medlemsavgift. Så vi håpar at alle, som «trur» dei er medlem, kan sjekka ein gang til om medlemsavgifta er betalt. Og det er viktig å understreka at dersom ein deltar på dei ulike tilboda utan å vera betalende medlem, så er ikkje medlemmet dekka av forsikring som er ein del av medlemskapet. Dette trur vi det er mange foreldre som ikkje kjenner til.

Kunstgrasbanen, klatreparken og treningsapparata er ein del av prosjektet Gull av grus.

Det er også viktig å opplysa om at klubben har ordninger til personer eller familier som av ulike grunner ha problem med betaling av medlemskap. Vi vil at alle, uansett alder, skal ha mulighet til å vera medlem hjå oss og kunne benytta seg av vårt tilbud.

Til opplysning står vi like ovenfor ei stor bestilling av nye klede til dei ulike gruppene i laget, då vi ynskjer å kle opp heile laget. Dette er bl.a. treningsklede som vi tilbyr bare til betalende medlemer til svært gunstige priser

Dersom det er nokon som har spørsmål kring medlemskap, ta gjerne kontakt med Per Korsvold eller Gina Berge-Soldal i Uskedalen

Tekst: Uskedal Idrettslag
Foto: Arkivfoto
Nett: Kristian Bringedal