Uskedalen er det fyrste soknet i Kvinnherad med konfirmasjon i 2021. Konfirmasjonen, som skulle vore i mai, vart med bakgrunn i Covid 19 situasjonen utsett til 29. august. Konfirmasjonsgudstenesta er i Uskedal kyrkje i morgon, sundag,, kl. 11.00. Kvar konfirmant er tildelt ein kyrkjebenk til sin familie. Ledige benker vert brukt til gjester og andre frammøtte på gudstenesta. Det vert som vanleg ført frammøteliste. Liturg er sokneprest Carsten Mruesk. Oganist er Marit Lindekleiv. Det er offer til kyrkjelydsarbeidet. Uskedalen.no har tidlegare kunngjord namna på dei 8 konfirmantane.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto