I Uskedal skulemusikk er dei flinke til å spele, men jammen er dei spreke også! Denne veka vart det arrangert olympiske korpsleiker på kunsten, og der var det stor innsats og stort konkurranseinstinkt. Vinnarlag blei kåra, og vi ser dei tre glade vinnarane, Nora, Ebba og Erle Marie, med “gullmedaljane” på bildet over.

KIMS leik. Dei fekk kikka på tinga i 30 sek, og så skulle dei hugsa så mange som mogeleg. Alle laga klarte alle 14 tinga. Fantastisk!!! Tenk om vi kunne hatt den husken!!

Musikantane vart delte inn i lag som tevla i greiner som tubabasket, trombonelengdeløp og trommestikkekasting. Det var også ein stasjon med «Kims leik» – der det er om å gjere å hugse flest moglege ting etter ein kort kikk- før det heile vart avslutta med spanande notestativstafett med høg temperatur. Til slutt var det berre eit einaste poeng som skilte dei tre laga, der vinnarane var Nora, Erle Marie og Ebba.

Styret takkar foreldre som hjelpte til. Me fekk også hjelp til å halde styr på tubabasketen frå ein pensjonist som er trufast supportar av skulemusikken- stor takk!

Ivrige etter å måla eit langt kast i trommestikke-kastinga.
God presisjon i tuba-basket. Også det var skikkeleg GØY!!
Leikane blei avslutta med notestativstafett mellom laga.

PS. For pensjonisten var det ei stor ære å få vera funksjonær under dei første olympiske leikane som blei arrangert i Uskedalen. Det er utruleg kjekt å oppleva den positive innstillinga og det flotte samhaldet som er blant foreldre og musikantar i skulemusikken no. Stadig nye kreative, sosiale påfunn. Denne gongen hadde musikarane Ola og Iver tatt med seg det gode tipset frå dei var på NMF sitt lærerike og kjekke sommarkurs som var då OL i Tokyo pågjekk.
Eg er imponert av styret og veit at dei har fleire gøye påfunn på lager. Eg gler meg!!!
(Funsjonær i tubabasket, TID)

Tekst: Monica Hermann
Foto: Monica Hermann, Mai-Lis Stensletten, Chris Fossli og Thor I. Døssland.
Nett: Thor Inge Døssland