Komlemiddag med lokale produkt.
Neste torsdag, 2. september er Hanne Bakke Berntsen tilbake med komlemiddagen sin på Middagsknotten i Fonnafjord Næringspark. Komlene er å få i tida mellom kl. 13 og 18. Det er mogeleg å få kjøpt komle servert med røykt svinekam, kålrabistappe og Friheimskorv frå Friheim Gardsmat. Vaksen porsjon: kr. 215,- . Liten porsjon: kr. 160,-. Alle er velkomne innom Middagsknotten i Fonnafjord Næringspark på Seimsfoss.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privat