Skilta som syner fiskeforbodssona er mest uleselege.
Skilta som syner sona for fiskeforbod i Uskedalen, er mest uleselege. Bilete her syner skiltet på Børneset. Det andre skiltet, som er montert på Holmen, har utviska skrift. Ingen kan sjå kva sjå kva funksjon dette skiltet har. Det er Statsforvaltarane si miljøvernteneste som har ansvaret for skilta. I sona innafor og mellom desse skilta er det forbod mot alt fiske. Bakgrunnen er at fisken som står og er klar for å gå opp i elva, ikkje skal uroast.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal