Salg av plommer og honning ved Gamleskulen.
I dag kan vi kjøpa plommer og honning ved Gamleskulen. Det er Liv Torunn Gustavsen som sel av årets hausting på Eik. Med seg som salgsassistent har ho broren Magne Eik, også kjend som den tidlegare fruktbonden på Steinsletto.
Det er plommer av den tidlege sorten Rivers Early Liv Torunn Gustavsen sel. Denne gode og gamle blåplommesorten er jo særs god å eta. Dessutan eignar plommene seg ypperleg til både syltetøy og likør. Underteikna har laga knallgodt syltetøy av sorten. Liv Torun sel plommene både i kilosposar og i korger med halve vekta.
Honningen ho sel, må også kunna kallast særs kortreist. Råstoffet har nemleg biene henta i epleblomsten tidlegare i år. No nærmar det seg at epleblomsten blir til frukt, og innan 14 dagar reknar dei med at eplehaustinga kan starta på Eik og Steinsletto.
Liv Torunn er usikker på om ho kjem til å stå ved Gamleskulen med plommer og honning fleire dagar, men interesserte kan også ta kontakt med ho på Eik.
Liv Torunn og Magne kan elles melda om svært god frukthaust. Det blir flott avling av både plommer og eple.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland