Kjøpte Vertshuset for eit år sidan - opnar selskapslokale i kveld
Elin og Geir Enes kjøpte Vertshuset for nøyaktig eit år sidan. Seljar var Bente og Geir Nilsen. Kjøpesummen var 2 mill. kroner. No er anlegget renovert til ein kostnad av 1 mill. kroner og er klar for opning som selskapslokale i kveld, laurdag 24. april. Det er lagt ned eit stort arbeid med renovering og oppussing. Det meste er gjort med stor eigeninnsats av Elin og Geir. Det er leigd inn arbeidskraft på elektro og røyr.
Uskedalen.no var innom på ein snarvisitt i dag. Alt er klart til opninga i kveld med 48 gjester. Den raude løparen er lagt ut, flagg, blomar og eit festpynta selskapslokale med bord og stolar tilpassa koronaplassering. Det er god avstand. All servering skjer ved borda og det er lagt opp til god hygiene med handsprit på alle borda.
Ei omfattande renovering gjer at gjestene kjem inn i eit lyst og ope lokale. Den gamle baren, som ei øy midt i salen, er riven. Ny bar er plassert visa vi kjøkkenet. Det er anretning/bufe i den same sona. Alt inventar som bord og stolar i restauranten er nye. Det same er sitjegrupper i arealet ut mot hamna. Det gamle fryserommet er fjerna. Nytt kjøkken og kjølerom er snart på plass.
Alle flater ute og inne er målte. Alle flater inne er nye. All innredning og alle maskinar er nye. Golvet er flisa. Grunnstrukturen i huset er som før. Alle vil kjenna att murpussen og det store arbeidet som ein gong vart lagt ned i oppbygginga av interiøret med mellom anna lerk i alle rammer. Om ein ser godt etter, vil ein finna dei artige relieffa i murpussen.
Vertshuset Perla er eit selskapslokale, i utgangspunktet tenkt for arrangement med påmelding. Det kan vera tema- og matkveldar med underhaldning og andre innslag. Vertskapet vil sjå det an og vurdera bruksfunksjonen litt på sikt. Fokus er god mat og dertil tilhøyrande drikke. I kveld er det tapas med 12 rettar og seks gode vinar, utvald av vinimportør Jacobsen. Vinekspertane er sjølve med på opninga i kveld og vil ha innslag.
Gjestene i kveld kjem frå heile Kvinnherad, nokre i bubil plassert i Øyro Marina og Camping.
Det er noko som heiter å ta hatten av, i respekt og vørnad. Det gjer vi alle i dag for dei nye eigarane og det store arbeidet som er lagt ned fram mot ei opning.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/ Elin Enes ( Facebooksida )