Årsmeldinga 2020 til Uskedal utvikling syner ei drift prega av restriksjonar. Dette er mest synleg med omsyn til drifta av Kafe Tiaren, som ikkje har vore i drift sidan nedstenginga for vel eit år sidan. Arbeidet med renovering av Gamleskulen held fram. Handikaptoalettet og oppusssing av eksisterande toalett er ferdigstillt. Det er enno noko arbeid som må gjerast i kjellaren før utleige og vanleg bruk.

Uskedal utvikling har vore engasjert i kommunale saker og planar. Vidare drift av brannstasjonen i bygda vart saman med troppen markert med kaffi og kake. Det er sendt uttale til Trafikksikringsplanen og Reguleringsplan Børneset.

Dugnadsgruppa søkte og fekk tildelt midlar frå SpareBank 1- stiftinga Kvinnherad i arbeidet med gapahukakane Klepp og Flåtene. Skulemusikken brukar Gamleskulen til sine øvingar i den tida ein ikkje har tilgang til skulen.

Sentrumsplan og gang/sykkeleveg til Steinsletto er tiltak Uskedal utvikling vil ta inn i Handlingsplanen.

Egil Myhre montete lys på den vesle julegrana. Musikklaget hadde som vanleg ansvaret for lys og tenning av den store Julegrana. Det er produsert og kjøpt inn Turkoppar for sal frå Mokka Design. Det er montert skilt på Gamleskulen med logo for faste brukarar.

Med ei løyving på kr. 30.000,- ( profileringsmidlar) er det gjort eit stort og omfattande arbeid med å førebu overgangen til ei ny og meir dynamisk nettside. Hans Ordin Østebø med fleire har brukt mange timar på å sikra alt som er produsert og lagt ut gjennom 15 år i eit søkbart arkiv. Ny side vil vera operativ før 1. mai.

Til Handlingsplanen vart det ført til nokre punkt. Det gjeld særleg det som går på trafikksikring med Gang- og sykkelveg til Steinsletto. Her må det peikast ut ei aksjonsgruppe. Det same gjeld arbeidet med ny sentrumsplan og sjå til at det vert regulert inn areal til badestrand. Nytt webkamera vert kjøpt inn og montert straks, i ein spleis med aktuelle brukarar.

Alf Hjønnevåg er rekneskapsførar. Drifta syner eit lite underskot på vel kr. 7.000,- . Det er ført inntekter på kr. 405.346,- og kostnader på kr. 412.486,-. Leigeinntekter Gamleskulen: kr. 43.845,-. Mindre inntekter generelt har samanheng med redusert drift Kafe Tiaren.

Annonseinntekter nettsida uskedalen.no: kr. 56.100,-. Kostnader: kr. 7.973,-.

Styret: Sjå notis

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/ Marit Hjønnevåg