Mange ønskjer å støtta SPLEISEN Uskedal ungdomslag treng hjelp! Siste veka har den fått eit skikkeleg løft, og frå 1.april har innsamlingsbeløpet blitt meir enn dobla, – frå 15.746 til 32.901kr i skrivande stund. Både rause privatpersonar og nokre gode støttespelarar blant firma har bidrege til dette flotte resultatet. Vi kan framleis støtta SPLEISEN HER.

Det var i etterkant av årsmøtet i ungdomslaget at dei valde å starta SPLEISEN til å sikra drifta av ungdomshuset Helgheim og lagshytta Fjelly ved Mannsvatnet. Dette var nødvendig sidan laget har gått glipp av betydelege inntekter gjennom korona-tida.

I mange år har bingoen kvar veke gjeve sikker, god og stor inntekt til laget. Med koronaen har bingoen stoppa opp til liks med mange andre arrangement. Dette merkast naturleg nok smerteleg på lagskassen. Mindre aktivitet gjer også sitt til at leigeinntektene vert betydeleg redusert.

Fjelly ligg idyllisk til ved Mannsvatnet.

Heldigvis har mange støtta godt opp om SPLEISEN som starta opp for 25 dagar sidan, og særleg etter inngangen til april har det auka på. Til saman har no 68 givarar betalt inn 32.901 kr. Dette hjelper nok godt på, men framleis kan både firma og privatpersonar støtta opp om drifta av desse to kjære bygga. Innsamlingsperioden varer framleis i 5 dagar.

Det er tydeleg at folk set stor pris på det gode arbeidet som vert gjort med å halda både Helgheim og Fjelly i god stand.
Dei som vil støtta kan gjera det ved å klikka inn HER.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Uskedal ungdomslag og Kristian O. Bringedal